ADVOKAT MNA

WINJUM

Jordskifte

Jordskifteretten er ein særdomstol for saker om fast eigedom.

Jordskifteretten kan, i likheit med tingretten, avgjere tvistar om eigedomsgrenser (grensegangsaker) og andre tvistar som gjeld eigedomsrett eller bruksrett i eit område (rettsutgreiingssaker). Desse sakene går ut på å fastslå eksisterande rettstilhøve mellom partane.

Men jordskifteretten har ein vid tilleggskompetanse som ein ikkje finn i vanleg rettargang, nemleg å endre rettstilstanden mellom partane, t.d. flytte eigedomsgrenser, avløyse eller tildele bruksrettar, løyse opp sameige, lage bruksreglar for eit område og pålegge partane å gjennomføre felles tiltak.

Det er denne særskilte kompetansen som også er den historiske forklaringa på at vi har denne særdomstolen. Jordskifteretten si oppgåve var nettopp å omforme eigedommar og rettar for å skape meir rasjonelle gardsbruk. Fram til 1800-talet var gardsbruka prega av teigblanding og komplisert sameige og sambruk. Jordskifteverket sørga for å samle den enkelte brukaren si jord i færre teigar, kanskje i éin stor, samanhengande teig – dit også vedkomande brukar sine bygningar vart flytta – og i utmarka vart eigedoms- og brukstilhøva forenkla så langt jordskifteretten fann dette tenleg. Dette skapte dagens eigedomsstruktur i landbruket.

Jordskifteretten sine verkemiddel er også anvendeleg utanfor landbruket. Det er t.d. ikkje noko i vegen for å lage jordskiftesak i villa- og byområder.

Jordskifteretten har eit langt meir praktisk grep om sakene enn kva dei vanlege domstolane har. Dommaren er bistått av ein ingeniør som utfører oppmåling, grensemerking, utarbeider kart m.m. Jordskifteretten sørger dessutan for at avgjerdene, nye grensekart m.m. vert tinglyste.


Jordskifteloven
Sameieloven
Tvisteloven

Tlf: 55 30 21 96

Mobil: 922 23 787

Postboks 333 Sentrum
5804 Bergen

Kontor: Fortunen 4

ivar@advokatwinjum.no

Org.nr. 916 250 304

I KONTORFELLESSKAP MED:

Advokatfirma Grahl-Madsen & Co AS Advokat Birgitte G Eknes

Advokatene Hartmann & Ingebrigtsen Advokat Marit H Håkonsen